Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit vitjar torsdag 15. august Hjeltnes gartnarskule i samband med rundreisa si i Voss, Hardanger og Etne 13.-15. august. Under det korte opphaldet på Hjeltnes vil kronprinsparet få ein tur i «Det opne klasserommet

På rundturen i parken og urtehagen vil rektor Børsheim og leiar Gunnbjørg Øyre ved Grønt kompetansesenter på Hjeltnes orientera om dei 500 plantane som finst der. Plommene er i ferd med å verta modne, og dei kongelege gjestene vil få høve til å forsyna seg med plommer (edda eller opal) direkte frå trea.
Blomsterdekoratørlærar Lillian Jørgensen og ein lærling skal, medan kronprinsparet er til stades, laga ein blomedekorasjon forma som ei åttebladrose – velkjent frå hardangerbunaden. Sjølvsagt er det blomar frå eigen gard og eigen produksjon som skal nyttast til dette.
Det er første gong Hjeltnes gartnarskule får kongeleg vitjing. Men i 1929 var kronprins Olav og kronprinsesse Märtha i Ulvik.
Det vert rekna med storinnrykk av pressefolk under kronprinsparet si Hordalandsreise i dagane 13.-15. august. Ved gartnarskulen er det sett av plass til to bussar med fotografar og journalistar.
Program for kronprinsparvitjinga i Hordaland
Stanley Hauge