Kronprinsparet fekk gåve av materialar frå «bestemorgarden»

Hordaland fylkeskommune si gåve til kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit i samband med gjestinga deira i indre deler av fylket, er to vinbeger og eit armband. Til gåva, som er laga trekunstnaren Arne Mælen frå Jondal, er det nytta materialar som

Vinbegra er laga av to treslag. Sjølve begeret er av bjørk medan stetten er av barlind. Nede på stetten på glasa er HM og MM skrive ved hjelp av knust skifer. Kronprinsesse Mette-Marit får også eit armband av bjørk. Armbandet er utforma med lappskifer-mønster på eine sida. Dette er gjort for å symbolisera alle skiferhelletaka i Hardanger. Alle treemna som er nytta kjem frå Fosso. Barlindstykket som er nytta er svært gamalt.

Trekunstnaren Arne Mælen er frå garden Mælen i Herand i Jondal kommune. Småbruket der driv han no nærast som hobby, medan trearbeidet tek det meste av arbeidsdagen hans. Han driv både med treskjering og dreiing og designar sjølv alt han lagar. Han deltek på utstillingar både i inn- og utland.

Sjå bileta i stort format

Stanley Hauge

14.08.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart