- Svært gode, sa kronprinsesse Mette-Marit då ho plukka og smakte på Opal-plommene på den einaste gartnarskulen i landet. I 25 minutt sette kronprinsparet Hjeltnes gartnarskule på hovudet. Dei var interessert i å høyre kva elevane dreiv med og kva type ut
Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit vart tekne imot av rektor Asbjørn Børsheim og leiar av Grønt Kompetansesenter Hjeltnes, Gunnbjørg Øyre. Saman vandra dei med følgje rundt på skulen. På veg ned til urtehagen innvigde dei ei flunkande ny trapp i brustein, bygd av lærlingar ved skulen. I urtehagen fekk dei servert eplesaft og gjekk på plommeslang. Opalplommene var akkurat modne, og både kronprinsen og kronprinsessa smakte. Plommene fall i spesiell smak hos kronprinsessa, som kommenterte den gode smaken.
På rundturen spurde kronprinsparet elevane om kva type utdanning dei fekk ved skulen og kva framtidsplanar dei hadde. Ved avslutninga på vitjinga fekk kronprinsparet overrekt eit epletre av typen ”kronprins”. Det er ein eigen sort rød prins, som stort sett berre finst i Hardanger og som bergensarane er spesielt glade i.
Sjå alle bileta frå vitjinga til kronprinsparet på Hjeltnes gartnarskule

Bjarte Brask Eriksen