Fylkestilskot til havbruksutvikling

Hordaland fylkesutval har løyvd 250 000 koner til det toårige prosjektet ”Rådgjeving i spørsmål om havbruk og kystsoneplanlegging” (KYSTRÅD). Vedtaket vart gjort med 14 mot ei røyst (Frp).

Den overordna målsetjinga med prosjektet er å utvikla havbruksfylket Hordaland. Næringa har i mange samanhengar framheva tilgang til areal og ei kystsoneforvalting med pålitelege rammevilkår som ein sentral føresetnad for ei betre utnytting av eksisterande konsesjonar for laks/aure.

Prosjektet sitt mål er å styrkja planleggingskompetansen i kommunane via betre og meir koordinert rådgjeving på regionalt nivå. Konkret skal dei regionale etatane gå saman for å gje betre råd til 6-7 utvalde kommunar i to regionar, som ynskjer innspel tidleg i planprosessen. Dette skal resultera i utarbeiding av generelle rutinar for korleis etatane kan yta konstruktiv støtte i planarbeidet og såleis redusera omfanget av klagar og konfliktar i høve til planar og enkeltsaker i ettertid. Vidare vil det skje kompetansehevingstiltak i alle kommunane.

Prosjektet er ei oppfølging av handlingsdelen i fylkesdelplanen for kystsona. Prosjektet vert gjennomført som eit prosjekt i strategisk næringsplan (SNP) innan satsingsområdet marin sektor. Samla budsjett er på ca. 1,1 mill. kr fordelt over to år.

Stanley Hauge

31.08.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart