
På biletet avdukar Cardiff-ordførar Russel Goodway, saman med den norske ambassadøren, Tarald Brautaset, plaketten til ære for Roald Dahl – Roald Dahls plass. Til venstre Felicity Dahl og til høgre fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg.
Norsk skrivemåte
Legg merke til den norske skrivemåten namnet har fått. Det er gjort for å streka under forfattaren sine norske røter og den sentrale plassen den nyoppbygde norske sjømannskyrkja har i fornyinga av hamna.
Roald Dahls plass vart offisielt opna under Cardiff Festival 2002 i midten av juli. Hordaland fylkeskommune, som var heilt sentral i arbeidet med å skaffa midlar til oppattbygginga av sjømannskyrkja, var representert med fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg.
Ordførar og ambassadør
Avdukinga av minnestøtta stod ordførar Russel Goodway for saman med den norske ambassadøren Tarald Brautaset. Dahl si kone, Felicity, var til stades ved avdukinga og uttrykte stor glede over at han vart minna på dette viset.
Roald Dahl, som var fødd i 1916, var son av ein norsk skipsmeklar som kom til byen på den tid den var verdas største kolhamn.
Norsk tradisjonsfisk
Eit sentralt innslag ved Cardiff-festivalen var 30 produsentar av walisisk mat og drikk. Men også Hordaland var representert – med Norsk tradisjonsfisk. Terje Inderhaug var på plass for å dela ut smaksprøvar av sild, sardiner og andre godbitar.
Sjå bileta i større format
Stanley Hauge