Aimee teikna seg til Hordaland

Elleveårige Aimee Hooper vart før jul i fjor den lukkelege vinnaren av teiknekonkurransen i samband med Hordaland fylkeskommune sine julearrangement i Edinburgh. Premien var ein tur til Bergen med Fjordline og opphald på Hotell Neptun. Første helga i augu

På biletet er premievinnar Aimee Hooper og familien saman med fylkesordførar Gisle Handeland. Frå venstre: mamma Julie, Ewan (8), Aimee (11) og pappa Ian.

Teiknekonkurranse vert arrangert kvart år i samband med aktivitet knytt til tenninga av juletreet Hordaland fylkeskommunen gjev til Edinburgh. Konkurransen går ut på å teikna noko som viser tilknytinga mellom Skottland og Noreg.
Aimee teikna halve arket skotsk og andre halvdelen norsk. Ein halv kilt utgjorde den skotske delen, og eit fjell den norske. Mellom kilten og fjellet hadde ho teikna ei skiløype med skiløparar i full fart nedover.
Teikninga var rik på detaljar og Aimee har fått mykje skryt for den, fortel mora – Julie.

Fløyen og Bryggen
Under opphaldet i Bergen fortel Aimee at dei m.a. vitja Akvariet, Fløyen, Bryggen, Troldhaugen. Ein tur til Vannkanten i Loddefjord sette ikkje minst den yngre broren hennar, Ewan, pris på.
Ved vitjinga i Fylkeshuset fekk Aimee og familien helsa på fylkesordførar Gisle Handeland, som overrekte henne ei bok om Vestlandet. — Den skal eg ta med meg i klassen så alle der kan få sjå kor flott det er å koma hit, sa Aimee.
Konkurransen i Edinburgh vert gjennomført av Hordaland reiselivsråd i samarbeid med fylkeskommunen.

Sjå bileta i større format

Stanley Hauge

07.08.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart