17 ungdommar tevlar om Hydroprisen 2002

17 elevar i vidaregåande skular i Hordaland og Sogn og Fjordane tevlar om Hydroprisen 2002. Prisen blir for første gong delt ut under forskingsdagane i Bergen i september og skal motivere unge til å utdanne seg innan realfag.

16 av dei 17 elevane, som har levert inn svar til konkurransen, er frå Hordaland:
Seks frå Fana gymnas (biletet), ein frå Danielsen videregående skole, fire frå Bergen katedralskole, to frå Lindås gymnas, tre frå Bømlo vidaregåande skule, og den einaste frå Sogn og Fjordane, frå Flora vidaregåande skule.

Motivere til realfag
Hydroprisen er skipa som eit samarbeid mellom Norsk Hydro og Bergen Vitensenter. Den er ei tevling innan realfag og teknologi for elevar i den vidaregåande skulen i dei to vestlandsfylka. Målet er å motivere elevar til å satse på realfag i vidare utdanning, samt å gje flinke og arbeidssame elevar høve til å vise kva dei kan.

I alt 27 elevar melde seg på konkurransen og fekk ei oppgåve om utvinning av olje og gass i Nordsjøen. Oppgåva femnar vidt frå matematikk, kjemi, fysikk, teknologi, miljø og tryggleik. Flinke elevar har verkeleg fått noko å bryne seg på og elevane har utført eit stort arbeid utover det vanlege skulearbeidet. 17 av elevane leverte svar.

15.000 kroner
Til dei tre beste svara skal Hydro gje eit stipend på 15.000 kroner kvar. I tillegg skal alle som kjem til finalen få seg ein tur ut i Nordsjøen.

Hydroprisen blir delt ut under forskingsdagane som startar i Bergen 20. september.

Bjarte Brask Eriksen

05.08.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart