Vil utvide KASA-prosjektet

Komité for kultur og helse rår fylkesutvalet til å godkjenne at KASA-prosjektet vert utvida med to nye bueiningar i 2002/2003. KASA er eit treårig prosjekt med små bu-einingar for ungdom som treng særskilt oppfølging.

Fylkestinget godkjende den 13.03.01, sak 2/01, oppstart av det treårig prosjektet med små bueiningar for ungdom, som seinare har fått namnet KASA-prosjektet. Fylkestinget la til grunn at prosjektet skulle medverke til å redusere bruken av kjøpte plassar for målgruppa. Prosjektet starta opp 01.04.01 og følgjer den oppsette opptrappingsplanen for perioden 2001-2003. Tiltaket vil i samsvar med planen få plass til 14-15 ungdomar i 2003. Tiltaket vil då bestå av fem bueingar, samt familiar og hyblar.

Målgruppa for prosjektet er ungdom i alderen 13-18 (20 år) som treng særskilt tilrettelagde og langvarige tiltak, og som ikkje kan dra nytte av andre eksisterande institusjons- og familiebaserte tiltak som fylkeskommunen har i dag. Tiltaket skal kunne gje eit fleksibelt tilbod i samsvar med endringar i behov hjå målgruppa.

Behovet for slike plassar er vesentleg større enn det tal plassar prosjektet kan tilby fullt utbygt. Dette var ein klar over då prosjektet vart planlagt, men vurderinga på det tidspunktet var at tiltaket ikkje burde vere større i utprøvingsperioden. Saman med prosjektleiinga er det no vurdert som mogleg å utvide tiltaket med to nye bueiningar i løpet av 2. halvår 2002/2003.

Kostnadene vert dekt ved omdisponeringar innan barne- og familievernet si budsjettramme. Komitéen rår til at prosjektet vert utvida i samsvar med framlagde planar.

Komitéen rår vidare til at stillingane i KASA-prosjektet, både dei 42 stillingane som er skipa tidlegare og dei 16 stillingane som vert tilrådd i denne saka, vert skipa som faste stillingar. Dette ut frå omsynet til å rekruttere og å halde på gode fagpersonar. Sjølv om ikkje KASA-prosjektet skulle verte vidareført i si noverande form etter at prosjektperioden går ut 31.03.04, vil det vere behov for stillingane til andre barneverntiltak for målgruppa.

Innstillinga vart samrøystes vedteken, bortsett frå punktet om faste stillingar som vart vedteke mot 3 røyster (H) for eit forslag frå Berit Eldøy om å opprette stillingane for prosjektperioden.

Saka skal opp i administrasjonsutvalet 23. april, og i fylkesutvalet 25. april.

Eli Lothe

20.04.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart