Komité for kultur og helse rår fylkesutvalet til å godkjenne at det blir starta opp eit forprosjekt for å førebu eit tre-årig samarbeidsprosjekt, regionalt familiesenter, lokalisert til ein bydel i Bergen.
Revidert plan for barne- og familievernet 2001- 2010 legg opp til å etablere regionale familiesenter i samarbeid med kommunar. Føremålet med tiltaket er å kome tidlegare inn med hjelpetiltak for dermed å førebyggje problembelastning og meir kostnadskrevjande tiltak seinare i barnet/den unge sitt liv. Oppgåvene vil ligge innanfor kommunalt og fylkeskommunalt ansvarsområde.
Bergen kommune har gjennom si barnevernmelding (2001) gått inn for tiltaket og sett av
1 mill kr. i 2002 til utgreiing av tiltaket. Byrådet har foreslått ei ytterlegare opptrapping med
2 mill pr. år i økonomiplanperioden 2003-2005. I tråd med vedtatt Handlingsplan for det fylkeskommunale barnevernet er det starta eit samarbeid med Bergen kommune for å planlegge oppstart av eit 3-årig prosjekt frå 01.01.2003, lokalisert til ein bydel i Bergen kommune.
Komitéen rår til at det vert starta opp eit forprosjekt frå 01.06.02 for å førebu etablering av regionalt familiesenter. Kostnadane knytt til forprosjektperioden vil kunne dekkast innan den økonomiske ramma for barne- og familievernet. Plan for prosjektet kjem som eiga sak i løpet av 2. halvår 2002.
Saka skal opp i fylkesutvalet i møte den 25. april.
Les heile pressemeldinga frå komiteen
Eli Lothe