Hordaland fylkesutval har godkjent at barnevernstiltaket KASA-prosjektet vert utvida med to nye bueiningar i 2002/2003, og opprettar 16 nye stillingar i samband med dette.
Prosjekt med små bueiningar for ungdom, som seinare har fått namnet KASA-prosjektet, starta våren 2001 og er eit treårig prosjekt. Prosjektet skal medverke til å redusere bruken av kjøpte plassar for målgruppa. Den oppsette opptrappingsplanen for perioden 2001-2003 vert følgd. Tiltaket vil i samsvar med planen få plass til 14-15 ungdomar i 2003, og vil då omfatta fem bueingar, og familiar og hyblar.
Målgruppa er ungdom i alderen 13-18 (20 år) som treng særskilt tilrettelagde og langvarige tiltak, og som ikkje kan dra nytte av andre eksisterande institusjons- og familiebaserte tiltak som fylkeskommunen har i dag. Tiltaket skal kunne gje eit fleksibelt tilbod i samsvar med endringar i behov hjå målgruppa.
Fylkesutvalet har vedteke at stillingane i KASA-prosjektet, både dei 42 stillingane som er skipa tidlegare og dei 16 stillingane som no vart oppretta, vert skipa som faste stillingar. Dette ut frå omsynet til å rekruttere og å halde på gode fagpersonar. Sjølv om ikkje KASA-prosjektet skulle verte vidareført i si noverande form etter at prosjektperioden går ut 31.03.04, vil det vere behov for stillingane til andre barnevernstiltak for målgruppa, heiter det i saksutgreiinga.
Kostnadene vert dekt ved omdisponeringar innan barne- og familievernet si budsjettramme.
Vedtaket var samrøystes, bortsett frå punktet om faste stillingar som vart vedteke mot 5 røyster (H, Frp og uavh.) for eit forslag frå Berit Eldøy om å oppretta stillingane for prosjektperioden.
Stanley Hauge