Ungdomsbasen i nytt hus i Fyllingsdalen

Tysdag 9. april er det offisiell opning av den nye Ungdomsbasen i Fyllingsdalen på 376 kvadratmeter til 6,65 millionar kroner. Ungdomsbasen er eit svært vellukka tiltak innan barne- og familievernet i Hordaland.

- Vi er godt nøgde med å få betre plass, fleire kontor og meir armslag, seier leiar av Ungdomsbasen i Fyllingsdalen, Eirin Baugstø.

Konfliktar i familien
15 tilsette arbeider ved ungdomsbasen som er eitt av tiltaka innan barne- og familievernet i Hordaland. Ungdomsbasen arbeider med familiar og ungdom i Fyllingsdalen og gamle Laksevåg bydel som er komne inn i ei negativ utvikling med konfliktar i familien, på skulen/arbeid eller i fritida.
Baugstø er glad for at dei no har fått eigne møterom for foreldresamtalar og nettverksmøte, noko som er viktig i det arbeidet dei gjer. Dessutan har dei fått fleire kontor, slik at no deler tre tilsette eitt kontor mot seks tidlegare.

To team
Ungdomsbasen har to team. Det eine driv ei bueining i huset der ungdom kan bu i ein kort periode når det er krise i heimen. Det andre teamet driv utadretta arbeid i heimen og nærmiljøet til ungdommen. Poenget er å løyse krisa der ungdommen bur og førebyggje mot at det blir behov for opphald i institusjon. Ungdomsbasen har kapasitet til å ta seg av 40-50 familiar i året.
Ungdomsbasen driv kontinuerleg utviklingsarbeid gjennom prosjekt. Fire aktuelle prosjekt er nettverksmetodikk, utvikling av heime-hos-metodikk og livsfaseorientert personalpolitikk. Det siste prosjektet er å få eiga heimeside på internett.

Sjå bilete av den nye ungdomsbasen

Bjarte Brask Eriksen

05.04.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart