Fylkesutvalet rår i ein høyringsuttale Samferdsledepartementet til å godkjenna søknaden frå Norske ferjer AS om endring av løyvevilkåra for tungtransport på ferjeruta Bergen – Haugesund- Stavanger. Vedtaket vart gjort med ni (Krf, H, V, SV, uavh. og Frp)
I konsesjonen er det lagt til grunn at ei kvar ferje som skal setjast inn i ruta skal ha ein kapasitet på minst 10 tunge vogntog. Skibsselskapet Norske ferjer AS meiner dette konsesjonsvilkåret skapar eit problem for selskapet fordi det ikkje finst veleigna farty som oppfyller vilkåret. Dei fartøya som teknisk sett oppfyller vilkåra, er dårleg eigna til å betjene marknadstrongen og er difor ikkje økonomisk attraktive, skriv selskapet i sin søknad til Samferdselsdepartementet.
Mindretralet i fylkesutvalet (Ap og Sp) støtta fylkesrådmannen sitt framlegg der det blei rådd til at departementet sitt minstekrav til tungtransportkapasitet vart oppretthalde.
Det var Torill Selsvold Nyborg (Krf, biletet) som sette fram fellesforslaget på vegner av Krf, H, V, SV og uavh.

Nils Marton Aadland