Skal redusere negative sider ved russefeiring

I desse dagar får russen i Hordaland utdelt ein pose med produkt som skal gjere det trivelegare å vere russ. I tillegg har alle vidaregåande skular i Hordaland inngått kontrakt med russen om russefeiringa. Dette er første gongen her i landet slike tiltak

På biletet ser vi russepresident Thorstein Johannessen (f.v.), rektor ved Os gymnas, Willy Jan Lønne, Kjersti Bruaas og Sofie Castillo Vik, frå hovudrussestyret og Karoline Myklebust frå Elevorganisasjonen i Hordaland alle med "survival kit" for ei heilt fantastisk russefeiring.

Bak desse haldningsskapande tiltaka står hovudrussestyret, Elevorganisasjonen, Hordaland fylkeskommune, dei vidaregåande skulane, politiet, Bergensklinkkene, Bryggeriforeningen og Artic Reklamebyrå.

Kontrakt
Røynslene viser at russefeiringa har både gode og dårlege sider. Hordaland fylkeskommune tek dette på alvor og ønskjer å gje russen ei meir positiv oppleving av russetida. I fjor vart ei gruppe, leia av ass. fylkesopplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld, nedsett for å utarbeide retningslinjer for russefeiringa.
Dette har ført til at alle dei vidaregåande skulane i Hordaland har inngått kontrakt med russen om korleis russefeiringa skal leggast opp. I tillegg får russen ein pose med ulike produkt, informasjonsmateriell og hjelpemiddel.

Verste knutereglar fjerna
Russepresident Thorstein Johannessen fortel at russen sjølv tok initiativ til å få laga posen med innhald, med god hjelp av Hordaland fylkeskommune og Bergensklinikkane.
Posen inneheld eit minihefte som er ein guide til ei betre russefeiring. Guiden omtalar nyttige opplysingar om alkoholbruk, korleis unngå ulukker og problem i trafikken, kva du kan gjere for å unngå trøbbel med politiet, litt om vennskap og sex, lure tips, førstehjelp, viktige telefonar, eit utdrag av knutereglane og viktige datoar for russen.
- Vi har sjølv teke initiativ og fjerna dei verste og helsefarlege knutereglane, seier russepresidenten som og legg vekt på at russen skal ha ein humanitær innsamlingsaksjon. I fjor kom det inn 250.000 kroner.
- Det er berre eit fåtal russ som gjer gale ting, understrekar Karoline Myklebust i Elevorganisasjonen.

Kondom
Elles i posen er eit hefte om seksualitet og prevensjon, eit kondom, øyreproppar, to multi-vitamintablettar, rett-i-koppen-suppe og sjokolade.
- Posen blir delt ut til alle om lag 3000 russ på dei vidaregåande skulane i Hordaland, fortel Marit Helen Leinebø, ved opplæringsavdelinga i fylkeskommunen.
- Vi er svært spende på korleis posen blir motteken og brukt, og ønskjer tilbakemeldingar, seier ass. opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.

God dialog
Rektor ved Bergen Katedralskole, Signe Haaland Utne, fortel at det har vore god dialog mellom skulen og russen og at dei har kome fram til ein kontrakt som er forpliktande for russen og skulen. I denne kontrakten blir mellom anna russetida noko redusert, og det er reglar for bruk av russedress på skulen.
- Begge partar har gitt noe. Vi er blitt samde om eit sett reglar som skal gjelde. Skulen har mellom anna tilpassa heildagsprøver til russefeiringa. Eg føler meg trygg på at russefeiringa skal gå greitt, seier Haaland Utne.

Politiet gruar seg ikkje
Politiet er og svært positive til dette.
- Vi gruar oss ikkje til russefeiringa. Tidlegare har vi hatt enkelttilfelle vi har reagert på, men vi kan snakke med russen og ønskjer at dei skal gå gjennom russetida utan merknad på rullebladet. Hordalandsrussen er positiv. Vi må tenke på at 3000 russ skal feste i ein månad og drikke store mengder alkohol. Stort sett går det bra, seier Paal Thorbjørnsen ved Bergen politidistrikt.
Rusforskar Bjarte Bø seier at dei arbeider aktivt for å auke medvitet til den enkelte russ for å unngå ulukker.

Konfirmasjonspengane ryk>
For å unngå sterkt kommersielt press er det ikkje lov med kjøp og sal på området til skulen. Svein-Erik Fjeld opplyser at granskingar viser at kvar russ brukar mellom 5000 og 25.000 kroner til russefeiring.
- Her går mykje av konfirmasjonspengane med, seier Fjeld som ønskjer å avgrense kommersialiseringa av russefeiringa.
Elevorganisasjonen er og oppteken av kjøpepresset. Karoline Myklebust fortel til samanlikning at hennar mor kom svært billeg frå russefeiringa. Ho sydde nemleg russedressen sjølv!

Tretrinnsrakett
Rektor Willy Jan Lønne fortel at ved Os gymnas har russen undervist elevane i 8. klasse i ungdomsskulen om farane ved alkoholbruk.
- Dette har vore svært vellukka, seier Lønne.
Samarbeidsgruppa i fylkeskommunen om ei meir positiv russefeiring har eit perspektiv på tre år.
- Dette blir ein tretrinnsrakett. Vi startar med 1. klassene i den vidaregåande skulen og førebur dei på russetida over tre år, seier Lønne som håpar at satsinga skal gje langsiktige verknader.

Pressemelding

Sjå biletet i stort format

Bjarte Brask Eriksen

18.04.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart