Sentralmakta styrkjer seg, lokalmakta vert svekka

- For meg er det tydeleg at maktfordelinga mellom staten og lokalnivået er i endring. Sentralmakta styrkjer seg og den lokale folkevalde makta vert svekka. Og endringane skjer raskt, mykje raskare enn vi er vane med, sa fylkesordførar Gisle Handeland då h

I offentleg sektor skjer det for tida mange omleggingar som heile kommunesektoren merkar. Mange av omleggingane skjer etter utgreiingar og vedtak som er gjort i heilt eller delvis lukka prosessar. Fleire av reformene er prega av avpolitisering og sentralisering. For meg er det tydeleg at maktfordelinga mellom staten og lokalnivået er i endring. Sentralmakta styrkjer seg og den lokale folkevalde makta vert svekka. Og endringane skjer raskt, mykje raskare enn vi er vane med.

Uroar
— Det uroar meg at politisk ansvar for og styring av offentlige tenester ikkje lenger alltid vert sett på som ein styrke og eit gode. Av og til kan ein få inntrykk av at målet er å redusera politisk innblanding og medverknad, sa fylkesordføraren, og heldt fram. — Mitt syn er at politisk ansvar og styring av offentlige tenester på lokalplanet nettopp sikrar at tenestene vert tilpassa lokale forhold og prioriteringar. Politiske organ utøver eit skjøn som sikrar at også andre viktige omsyn enn snevre faglege omsyn vert ivaretekne.

Svekking
Fylkesordføraren uttrykte sterk uro over at ei svekking av det regionale folkevalde nivået - altså fylkeskommunen – reduserer regionen si evne til å vera motmakt mot staten, til å hevda fylket sine interesser og setja i verk fylket sine utviklingsstrategiane. Vi vil alle tape på dette – også kommunane, sa Handeland.

— Det er ikkje slik at den makta som vert fråteken fylkeskommunen kan kompenserast med auka kommunal makt. Kommunane kan ikkje vega opp for den sterkare statlege maktkonsentrasjonen vi ser konturane av, sa fylkesordførar Handeland.

Samansurium
Den statlege regionaliseringa som vi står midt oppe i, karakteriserte Handeland som eit samansurium. Han grunngav dette med at ulike statsetatar deler inn landet og regionen på sin måte – utan koordinering, og utan omsyn til fylkesgrenser og eksisterande administrative inndelingar. Heller ikkje synest staten å vera særleg oppteken av å støtta opp under den senterstrukturen som regionen arbeider etter – når dei skal plassera sine etatskontor.
Det starta med helseregionane, domstolane, politidistrikta, likningsetaten og jordskifteretten. Deretter kom vegregionar, luftfartsverket og tolldistrikt – for å nemna nokre.

Vestlandsregionen
Eg tolkar høyringsfråsegnene om Vestlandsutgreiinga slik at dei gjev oss eit klart mandat til å gå vidare med å utvikla ein meir samla og sterk Vestlandsregion. Kva modell som skal veljast – samarbeidsmodell eller samanslåing til eitt fylke, må det arbeidast vidare med, sa fylkesordførar Handeland.
Det er mitt syn at vi både innanfor ein samarbeidsmodell og innanfor ein storfylkemodell, må ha ambisjonar om å kunne overta viktige oppgåver, verkemiddel og ansvar som i dag ligg til statlege styresmakter. Dette er ein føresetnad for at vi skal kunne tene Vestlandets ve og vel, sa Handeland.

Den nye fylkeskommunen
Rykta om fylkeskommunen sin død er sterkt overdrivne! Regjeringa ønskjer å styrkja fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør, med eit overordna ansvar for å utvikla regionen – i nært samarbeid med ikkje minst kommunane. Fylkeskommunen skal vera ein pådrivar for å utvikla politikk og løysningar som tener regionen, og vil få eit større ansvar for distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel som i dag ligg i departementa, påpeika fylkesordførar Handeland.
Handeland sa at mykje enno er uklårt om den nye rolla og om kva konkrete verkemiddel fylkeskommunen skal rå over. Han heldt fram: – Vi tek dette som ei spennande utfordring - og ser fram til å utvikla rolla i nært samarbeid med kommunane. Vi har elles med interesse merka oss at det vert opna for forsøk med at fylkeskommunane kan overta statlege oppgåver. Eg kan lova at vi ikkje skal la det høvet gå frå oss!

Tungt og tydeleg regionalt nivå
Vi treng etter mitt syn eit tungt og tydeleg regionalt nivå – som både kan fremja regionen sine interesser og utfordra staten. Eg ønskjer at regionen sjølv skal ha tung innverknad på strategiar, tiltak og politikk for å utvikla regionen vidare, heller enn at staten åleine skal styra dette. Ein god allianse mellom kommunane og fylkeskommunen er eit solid reiskap for nettopp å klara dette, sa fylkesordførar Gisle Handeland ved opninga av Hordalandskonferansen 2002 på Voss 29. april.

Stanley Hauge

29.04.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart