Regional utviklingsrolle må avklårast og konkretiserast

Det er nytt og positivt at regjeringa vil vurdera auka delegering til det regionale nivået innanfor ulike statlege sektorar og opna for forsøk som inneber at fylkeskommunen kan overta oppgåver frå statlege etatar, seier fylkesvaraordførar Torill Selsvold

Framleis er det for diffust kva regjeringa legg i omgrepet «regional utviklingsaktør». Dette håpar eg vil verta gjort klårare og presisert i den vidare prosessen og gjennom Stortinget si behandling av oppgåvemeldinga, seier fylkesvaraordføraren.

Selsvold Nyborg trekkjer fram at fylkespolitikarane vil ta aktivt del i arbeidet med å avklåra korleis fylkeskommunen skal verta den leiande og initiativrike utviklingsaktøren regjeringa ynskjer seg. — Vi vil på denne måten gjera vårt for at denne oppgåva skal få ei funksjonsdyktig demokratisk forankring i regionane, seier fylkesvaraordførar Selsvold Nyborg.

I oppgåvemeldinga vert det slått fast at det er opp til fylkeskommunane å vurdera om dagens fylkesinndeling er føremålstenleg. Det er eit positivt signal i forhold til dei vurderingar vi har i gang om nærare samarbeid og eventuelt samanslåing av fylke på Vestlandet.

Regjeringa sitt opplegg med ei totrinns evaluering av fylkeskommunane, er fornuftig. Endringar må få tid til å «setja seg» og fungera ei tid før vurdering vert gjort, seier fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg.

Stanley Hauge

12.04.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart