Kulturregion Vestlandet?

Kunst- og kulturfeltet har det siste tiåret vore prega av sterk sentralisering til hovudstadsområdet. Dette gjeld både kunstnargrupper, kunstmiljø og institusjonar – og viktige styringsorgan som fordeler ressursar og oppgåver. No ønskjer Vestlandet gjenn

På oppdrag frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkeskommunar, har forskaren Georg Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane utarbeidd ein rapport om føresetnader og utfordringar for ein felles kulturregion på Vestlandet. Rapporten skal no leggjast fram til politisk behandling i dei fire fylkeskommunane.

Forsøksprosjekt
Utgreiinga foreslår å etablere forsøksprosjektet «Kulturregion Vestlandet». Dette skal vere ein overbygning over eksisterande tiltak og satsingar i regionen – og styrke samarbeidet mellom institusjonar og kulturmiljø. Prosjektet skal også sjølv initiere felles kulturtiltak i regionen.
Ein har vidare ambisjonar om å kunne overta ansvar og styring over økonomiske verkemiddel som i dag ligg til staten. Dermed vil ein betre kunne utforme og setje i verk ein kulturpolitikk basert på Vestlandet sine eigne mål og behov.
Samarbeidet i Vestlandsregionen er i markert utvikling for tida. Kulturfeltet er godt eigna som innsatsområde for å styrke Vestlandssamarbeidet, og bør derfor ha høg prioritet framover.

For lite utvikla
Både Jan Per Styve – direktør for regional utvikling i Hordaland fylkeskommune, og Lidvin M. Osland – fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane, har peika på at kultursamarbeidet i Vestlandsregionen i dag er altfor lite utvikla. Fylkesgrenser, ulike kulturpolitiske prioriteringar og institusjonane sine definerte virkeområde har til no skapt barrierar for samla satsingar og nytenking. Samtidig har sentralstyringa av midlar og oppgåver avgrensa det regionale handlingsrommet. Ein «Kulturregion Vestlandet» med større råderett over økonomiske ressursar og betre samspel mellom kulturinstitusjonar og fagmiljø – vil vere eit viktig prosjekt for å skape kulturell meirverdi i regionen, meiner Styve og Osland.

Les heile rapporten (word-dokument på 54 sider)

Stanley Hauge

30.04.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart