Komite for miljø og samferdsel i Hordaland går inn for å ha to lokale vegkontor og tre filialar i fylket etter at regionkontoret for Vestlandet hamnar i Leikanger. Dei to lokale vegkontora bør vere i Bergen og Voss, mens Odda, Stord og Knarvik bør få fil
Komiteen har, til grunn for lokaliseringa, lagt vekt på arbeidet med viktige transportpolitiske strategiar aust-vest og nord-sør. Hordaland blir delt inn i to vegdistrikt. Vegkontoret for Hordaland aust blir lagt til Voss, med filial i Odda. For Hordaland vest blir vegkontoret lagt til Bergen, med filialar på Stord og i Knarvik.
Komiteen understrekar at filialane i Odda, Stord og Knarvik må sikrast gjennom eksisterande og andre aktuelle oppgåver. Som ei aktuell oppgåve for Odda vil komiteen særlege vektleggje ansvaret for utvikling av rassikring i distriktet.
Bakgrunn for saka er eit høyringsforslag frå Vegdirektoratet om ny distriktsinndeling etter at Statens vegvesen skal bli delt inn i fem regionar her i landet mot fylkesvis inndeling tidlegare. Den nye organiseringa skal gjennomførast frå 1. januar neste år. Høyringsfristen er 3. mai. Planen er at Stortinget skal gjere endeleg vedtak før sommarferien.
Endeleg høyringsuttale for Hordaland blir vedteke av fylkesutvalet 25. april.
Les heile pressemeldinga frå komiteen
Bjarte Brask Eriksen