Tenesteområda bør vere under lokal folkevald innsyn og styring. Politikarane si rolle som ombod for tenestene sine relativt små og sårbare brukargrupper, må ikkje undervurderast. Innan barnevernet vert lokalpolitisk forankring dessutan vurdert som særs viktig for å oppnå nødvendig legitimitet i befolkninga, heiter det i vedtaket frå fylkesutvalet.
Det vert også peika på at fylkeskommunane har god lokalkunnskap, og har ein storleik som mogleggjer etablering av godt kvalifiserte fagmiljø og eit variert tilbod av tiltak. På område der regionalt samarbeid er tenleg, bør staten stimulere utviklinga, ikkje overta oppgåvene.
Fylkesutvalet meiner at det er heilt andre virkemiddel enn overføring av fylkeskommunane sine oppgåver innan tenesteområda til eit anna forvaltningsnivå, som er svaret på dei store utfordringane barne- og familievernet står overfor, mellom anna styrking av forsking og utdanning, auka resursar, tenleg lov og regelverk. Staten bør nytte sine resursar til å styrke kommunane og fylkeskommunane i arbeidet med å utvikle eit framtidsretta tenestetilbod til beste for brukargruppene.
Barne- og familiedepartementet sende den 12.02.02 ut eit høyringsnotat med alternative forslag til framtidig organisering av dei oppgåvene innan barne- og familievernet som i dag er lagt til fylkeskommunen.
Forslaga er basert på ei utgreiing av fire alternative modellar: at fylkeskommunane framleis skal ha same ansvar som i dag, samla overføring av oppgåvene frå fylkeskommunane til kommunane, samla overføring av oppgåvene frå fylkeskommunane til staten samt ei delt løysing der nokre av dei fylkeskommunale oppgåvene vert overført til staten og andre oppgåver til kommunane.
Tom-Christer Nilsen (H) la fram slikt forslag: ”Fylkestinget meiner at ansvarsdelingsmodellen må liggje til grunn for oppgåvene innan barne- og familievernet som i dag er lagt til fylkeskommunen”
Dette framlegget fekk tre røyster (H) og fall.
Nils Marton Aadland