Fylkesutvalet sluttar seg til at fylkesbiblioteket bør arbeide etter ”utviklingsmodellen”, for dermed å kunne vere ein viktig medspelar i fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør.
Eit utval oppnemnt av Statens bibliotektilsyn har kome med ei utgreiing om fylkesbiblioteket si rolle i framtida. Statens bibliotektilsyn ønskjer å få innspel på vurderingar og konkrete forslag i utgreiinga, og ber om at det vert sett spesielt på kva slags oppgåver som bør løysast på regionalt nivå, korleis dette best kan organiserast, og kva som er viktig å heimle i lov.
Utvalet meiner at det framleis vil vere bibliotekoppgåver som best kan løysast på regionalt forvaltingsnivå, og konkluderer med at ei ny regional bibliotekteneste best kan byggjast opp etter ”utviklingsmodellen”. I denne modellen blir bibliotektenesta profilert som eit utviklingsinstrument, organisert som eit fylkeskommunalt organ eller verksemdsområde knytt til den delen av fylkeskommunen som skal arbeide med planlegging og utvikling.
I Hordaland arbeider fylkesbiblioteket på ein måte som i stor grad samsvarar med dette. Modellen har gitt gode resultat, og bør leggjast til grunn for vidare utvikling av fylkesbiblioteket. Framlegg til ny biblioteklov bør ta utgangspunkt i brukarperspektivet, men konsekvensane for kommunane, inkludert nye økonomiske behov, må utgreiast nærare.
Nils Marton Aadland