
Med dette går startskotet for bygginga av den første nye vidaregåande skulen i Hordaland sidan Bømlo vidaregåande skule sitt nybygg stod ferdig i 1995.
Sund vidaregåande skule skal vera ferdig hausten 2003. Hausten 2005 skal den nye Olsvikåsen videregående skole vera klar, og innan hausten 2007 skal ein ny vidaregåande skule i søre bydel (på Sørås) i Bergen vera bygt.
I Skogsvåg
Sund vidaregåande skule vert bygd i Skogsvåg. Tomta ligg i same området som Skogsvåg skule. Her er også idrettshall og idrettsbane. Fylkeskommunen deltek med innskot på 4 mill. kr i idrettshallen som også den vidaregåande skulen skal nytta.
Skule og tannklinikk
Kostnadsramma for den nye vidaregåande skulen i Sund er på 102 mill. kr. Ein ny tannklinikk skal byggjast som ein integrert del av det nye skuleanlegget. Kostnadsramma for tannklinikken er på 3,5 mill. kr som kjem i tillegg til kostnaden med skulebygningen. Samla investering, medrekna innskot i idrettshall, vert 109,5 mill. kr.
Det nye skulebygget får eit bruttoareal på 6050 kvm., og tannklinikken vert på om lag 150 kvm.
Totalentreprisen for bygginga av skulen i Sund er tildelt NCC Bygg Norge, seier fylkeskommunen sin prosjektleiar, overarkitekt Harald Lyssand hjå fylkesbyggesjefen.
Samarbeid med kommunen
Samarbeidet mellom Sund kommune og fylkeskommunen strekkjer seg vidare enn til innskot i idrettshallen. Kommunen skal byggja eit cogenanlegg, eit anlegg som brukar naturgass til produksjon av straum og varme, like ved skulen. Dette anlegget, som er eit prøveprosjekt, skal forsyna idrettshallen, barneskulen og den vidaregåande skulen med straum og oppvarming.
Der cogenanlegget skal byggjast, skal vi sprengja ut stein som skal nyttast til parkeringsplassen ved den vidaregåande skulen, seier prosjektleiar Harald Lyssand.
Elevtal og linjeval
Sund vidaregåande skule får tilbod innan allmennfag, helse- og sosialfag, formgjevingsfag, idrettsfag, byggfag og trearbeidsfag. Elevtalet ved den nye skulen er sett til 308.
Skulen er teikna av Fortunen arkitekter AS ved arkitekt MNAL Odd Sørhus.
Sjå teikninga av skulen i større format
Stanley Hauge