Berre godord om Ungdomsbasen i Fyllingsdalen

- Dette tiltaket er så vellukka at det blir modell for dei regionale familiesentra som blir oppretta framover, sa fylkesordførar Gisle Handeland då han 9. april føretok den offisielle opninga av det nye huset til Ungdomsbasen i Fyllingsdalen.

På biletet ser vi fylkesordførar Gisle Handeland med plaketten han overrekte til barneverndirektør Arne Andersen (sitjande) og leiar av ungdomsbasen, Eirin Baugstø.

Representantar frå både kommune, fylke og stat deltok i opningsfesten. Og alle hadde berre godord å kome med om dette tiltaket i grenselandet mellom fylkeskommune og kommune.

Godt samarbeid
- Ungdomsbasen er eit døme på godt samarbeid mellom kommune og fylkeskommune. Den er ein buffer mot opphald i institusjon, sa Erik Lussand på vegner av fylkesmannen og den regionale stat.
- Hordaland fylkeskommune har vore framtidsorientert. Ungdomsbasen er eit svært godt tiltak for barn, ungdom og familiar i Fyllingsdalen, sa avdelingsdirektør Bjørn Bredesen i Sosialdepartementet.
- Hald fram med å ta vare på ungdommen. Stå på! sa bydelsleiar i Laksevåg, Bente Krokeide.

Ungdomsbasen har fått betre plass, fleire kontor og meir armslag i det nye huset i Vestlundvegen som er på 376 kvadratmeter mot 300 i det gamle i Klauvsteinen. Huset har kosta om lag 6,65 millionar kroner.

Familiar og ungdom
15 tilsette arbeider ved ungdomsbasen som er eitt av tiltaka innan barne- og familievernet i Hordaland. Ungdomsbasen arbeider med familiar og ungdom i Fyllingsdalen og gamle Laksevåg bydel som er komne inn i ei negativ utvikling med konfliktar i familien, på skulen/arbeid eller i fritida.
Baugstø er glad for at dei no har fått eigne møterom for foreldresamtalar og nettverksmøte, noko som er viktig i det arbeidet dei gjer. Dessutan har dei fått fleire kontor, slik at no deler tre tilsette eitt kontor mot seks tidlegare.

Krise i heimen
Ungdomsbasen har to team. Det eine driv ei bueining i huset der ungdom kan bu i ein kort periode når det er krise i heimen. Det andre teamet driv utadretta arbeid i heimen og nærmiljøet til ungdommen. Poenget er å løyse krisa der ungdommen bur og førebyggje mot at det blir behov for opphald i institusjon. Ungdomsbasen har kapasitet til å ta seg av 40-50 familiar i året.
Ungdomsbasen driv kontinuerleg utviklingsarbeid gjennom prosjekt. Fire aktuelle prosjekt er nettverksmetodikk, utvikling av heime-hos-metodikk og livsfaseorientert personalpolitikk. Det siste prosjektet er å få eiga heimeside på internett.

Bjarte Brask Eriksen

10.04.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart