Vil ikkje svekkje Aetat

Komité for næring og utdanning i Hordaland seier nei til ny organisering av Aeat. Arbeids- og administrasjonsdepartementet har foreslått store endringar, mellom anna at det skal opprettast eit lokalt hovudkontor i kvart fylke, men dette ønskjer ikkje komi

Komiteen peikar på at Aetat sitt fylkesnivå ikkje må svekkast i høve til samordning av arbeidsmarknadspolitikken og samarbeid med andre verksemder som er representert på fylkesnivå.

Vil ha Aetat under fylkeskommunen
Komiteen ser det som positivt at departementet arbeider for meir effektiv og brukarretta tenesteproduksjon i Aetat. Omorganisering bør innebere utlokalisering av verksemd frå Oslo, mellom anna til Hordaland. Komiteen viser til tidlegare vedtak om at fleire tunge samfunnsoppgåver bør leggjast under regional folkevald styring, og ber om at det vert vurdert å legge Aetat under fylkeskommunen.

Vidare må Aetat si verksemd i Hordaland lokaliserast i samsvar med vedteken senterstruktur i fylket, og Aetat sine kontor i fylket må tilpassast deltaking i offentlege servicekontor.

Forslaget vart tilrådd mot to røyster. Mindretalet( Frp og Uavhengig) røysta for ny organisering og privatisering av Aetat. Saka går vidare til fylkesutvalet 27. september.

Les heile pressemeldinga frå komiteen

Bjarte Brask Eriksen

25.09.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart