To frå fylkestinget hamna på Stortinget

To av representantane i Hordaland fylkesting hamnar på Stortinget etter valet måndag 10. september. Det er Øyvind Halleraker (H, biletet t.h.) og Rune Skjælaaen (Sp, som kom inn på utjamningsmandat).

I alt får Hordaland 17 representantar i det nye Stortinget. Dette er det meste Hordaland nokon gong har hatt. Hordaland har 15 ordinære mandat på Stortinget, men ordninga med utjamningsmandat fører til at åtte ekstra mandat blir fordelt til dei partia som ikkje får stor nok utteljing i høve til kor mange røyster dei får på landsbasis. Dette gjev to ekstra mandat til Hordaland. I tillegg til Skjælaaen, får Høgre det andre utjamningsmandatet frå Hordaland. I førre periode hadde Hordaland eitt utjamningsmandat, May Britt Vihovde frå venstre.

Katastrofe for Arbeidarpartiet
Valresultatet var ein katastrofe for Arbeidarpartiet som misser to mandat og får berre tre mandat på Stortinget. Høgre er den store vinnaren med ein framgang frå to til fire mandat. SV gjer og eit svært godt val og går fram frå eitt til to mandat. Senterpartiet har tilbakegang, men reddar Skjælaaen sin plass gjennom utjamningsmandat.

Ny ordførar i Bergen
Kristeleg Folkeparti går litt tilbake, men ikkje nok til å rokke ved dei tre mandata dei har. Det medfører at ordførar i Bergen, Ingemar Ljones, kjem på Stortinget og Kristian Helleland (KrF) overtek som ordførar i Bergen.
Venstre gjorde eit relativt dårleg val og misser sitt andremandat. Men oppslutnaden er stort nok til å sikre Lars Sponheim fire nye år i Oslo. Partiet er akkurat under sperregrensa som ville utløyst ein del utjamningsmandat. Faktisk manglar Venstre berre rundt 2.500 røyster på landsbasis på å nå opp til sperregrensa på fire prosent.

Frp fram frå to til tre
Framstegpartiet opplever ein liten framgang på ein halv prosent og går fram frå to til tre mandat. Det sikrar Karin Ståhl Woldseth sistemandatet. Ho sat i fylkestinget i førre periode. Utbrytarane frå Frp, Hordalandslista, greidde berre 376 røyster.
Det var Ingmar Ljones, KrF, som tok sistemandatet i Hordaland, mens Høgre låg best an til å ta sistemandatet frå KrF. Hordalandsbenken aukar med ein representant i komande periode frå 16 til 17 representantar.

Klikk her for å kome til databasen med valresultat som IBM driv for Kommunal- og Regionaldepartementet. Du må klikke deg vidare inn i databasen for å kome til resultata frå Hordaland

Les Bergens Tidende sine valsider med valresultatet for Hordaland og oversikt over alle kommunar og krinsar i Bergen

Les Bergensavisen sine valsider med valresultat for Hordaland og oversikt over alle kommunar og krinsar i Bergen

Bjarte Brask Eriksen

11.09.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart