Hordaland fylkesutval sluttar seg til forslaget om at Etnefjorden-Ølsfjorden skal få status som nasjonal laksefjord og at Etneelva og Loneelva (Osterøy) skal få status som nasjonale laksevassdrag. Dette går fram av fylkesutvalet si høyringsfråsegn til fo
Fylkesutvalet sluttar seg og til at sikringssona i indre Sørfjordbassenget (Osterøy) vert vidareført. Men fylkesutvalet ser det ikkje som ønskjeleg at heile Osterfjordbassenget skal verta nasjonal laksefjord i ein framtidig fase to av ordninga.
Auka forsking
Fylkesutvalet legg også vekt på trongen for auka forsking innanfor havbruk. For å få den ønska veksten i næringa må kunnskapen om konsekvensar for miljøet aukast og «føre var-prinsippet» leggjast til grunn for vidare utvikling.
Bjørn Lothe (SV) føreslo at sikringssona i indre deler av Hardangerfjorden skal oppretthaldast for fjorden innanfor området Trones-Ulgenes. Forslaget fekk ei røyst (SV) og fall.
Styrke laksebestanden
Bakgrunn for saka er at regjeringa oppnemnde Villaksutvalet i 1999. Utvalet har lagt fram ei rekkje forslag til å styrke den norske laksebestanden. Sentralt er forslaget om å opprette nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Etter forslag frå utvalet går Miljødepartementet inn for å oppretta 39 nasjonale laksevassdrag og 22 nasjonale laksefjordar for å betre den alvorlege situasjonen for villaksen.
Stanley Hauge