Må oppretthalda sterk Aetat på fylkesnivå

Hordaland fylkesutval seier nei til ny organisering av Aetat, men stiller seg positiv til departementet sitt arbeid med ein meir effektiv og brukarretta tenesteproduksjon i Aetat. Arbeids- og administrasjonsdepartementet har foreslått store endringar, mel

Fylkesutvalet peikar på at Aetat sitt fylkesnivå ikkje må svekkast i høve til samordning av arbeidsmarknadspolitikken og samarbeid med andre verksemder som er representert på fylkesnivået.

Omorganisering bør innebere utlokalisering av verksemd frå Oslo, mellom anna til Hordaland, meiner Hordaland fylkesutval. Fylkesutvalet viser til tidlegare vedtak om at fleire tunge samfunnsoppgåver bør leggjast under regional folkevald styring, og ber om at det vert vurdert å leggja Aetat under fylkeskommunen.

Vidare må Aetat si verksemd i Hordaland lokaliserast i samsvar med vedteken senterstruktur i fylket, og Aetat sine kontor i fylket må tilpassast deltaking i offentlege servicekontor, meiner fylkesutvalet.

Vedtaket vart gjort mot fem røyster. Mindretalet (H, Frp og uavhengig) røysta for ny organisering og privatisering av Aetat.

Stanley Hauge

28.09.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart