Knapt nei til ny ekspressbussrute

Komite for miljø og samferdsel seier med åtte mot sju røyster nei til ekspressbussamband Arendal - Stavanger - Bergen. Det er Risdal Touring AS i Evje som søkjer.

Komiteen seier at dersom dei selskapa som i dag trafikkerer strekninga, innan januar 2002 ikkje har utvikla forpliktande planar om betre korrespondanse/nattbuss, vil søknaden kunne vurderast på nytt.

Åtte mot sju
Det var Kyrre Stensnes (SV) som sette fram forslaget om å seie nei til konsesjon. Forslaget fekk dei åtte røystene til Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, RV og ein frå Kristeleg Folkeparti.
Cathrin Rustøen (uavhengig) hadde forslag om å tilrå konsesjon. Det fekk sju røyster (hennar røyst, Høgre, Frp og ein frå Kristeleg Folkeparti).

Kommunane positive
Risdal Touring søkte om å drive nattbuss fire dagar i veka begge vegar mellom Arendal, Stavanger og Bergen. Saka har vore på høyring der kommunane er positive, mens dei konkurrerande ruteselskapa er negative.

Saka går vidare til fylkesutvalet 27. september. Endeleg vedtak skjer i samferdsledepartementet.

Les heile pressemeldinga frå komiteen

Bjarte Brask Eriksen

20.09.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart