Japan lærer likestilling av Noreg

- Noreg er eit føregangsland innan likestilling. Difor vil vi lære av det Noreg har gjort, seier Japans "likestillingsombod" Mariko Bando, som torsdag 6. september gjesta Bergen og Hordaland fylkeskommune.

Fylkesvaraordførar Helen Nordeide Fløisand var vert for den prominente gjesten som er nytilsett ekspedisjonssjef i avdelinga for likestillingsspørsmål ved kontoret til den japanske statsministeren. Ho har tidlegare vore generalkonsul i den japanske utanrikstenesta. På biletet helsar Bando på Nordeide Fløisand.

Hordaland spesielt interessant
Bando kom til Noreg for å sjå på korleis kvinner taklar kombinasjonen arbeid og barn, og korleis tilhøva er lagt til rette for dette.
Årsaka til at Bando er spesielt interessert i Hordaland fylkeskommune er at fylkeskommunen har utarbeidd ein likestillingsplan og sett i gang tiltak knytta til denne. Dette omfattar mellom anna ”prosjekt fleksibel arbeidstid” ved Haukeland sykehus, prosjektet ”kvinner til topps” og eit prosjekt som skal måle korleis ressursane blir fordelt mellom kvinner og menn.

Japanske kvinner skal ut i arbeid
Haukeland sykehus nyttar og personalbarnehage som personalpolitisk verkemiddel. Der fekk den japanske gjesten omvising og innføring i korleis barnefamiliar organiserer kvardagen.
- Vi har mykje å lære av Noreg, sa Bando som var spesielt imponert over den omfattande barnehageutbygginga her i landet og ordninga med lang pappapermisjon.
- I Japan har vi svært lang barnehagekø (meir enn 300.000), sa Bando som no reiser heim og skal arbeide for å få fleire kvinner ut i arbeid. Utbygging av barnehagar blir eitt av verkemidlane Japan skal bruke.

På Troldhaugen
Mariko Bando har vore fem dagar i Noreg, først i Oslo der ho har hatt samtalar med LO, NHO, stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl og likestillingsombod Kristin Mile. I Bergen hadde ho møte med Bergen kommune (byråd Anne Gine Hestetun) og Universitetet i Bergen (leiar Kari Værnæss ved Institutt for kvinner og kjønnsforsking), i tillegg til fylkeskommunen. Vitjinga vart avslutta på Troldhaugen.

Bjarte Brask Eriksen

07.09.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart