Komité for næring og utdanning reagerer på at Hordaland berre er tildelt to av dei nye matfiskkonsesjonane og meiner at fylket burde fått minst fire. Komiteen grunngjev dette med at Hordaland har eit stort og uutnytta potensiale som bør takast i bruk for
Fleirtalet i komiteen meiner at dei to tildelte konsesjonane bør tildelast kommunane Kvam og Radøy. Dersom det ikkje kjem fram kvalifiserte søkjarar som kan støtte opp under den lokale slakteri- og foredlingsverksemda, bør kommunane Jondal, Tysnes, Fedje og Askøy, i prioritert rekkjefølgje, vurderast som aktuelle kommunar for konsesjonstildeling.
Ny fordelingsrunde
Komiteen peikar vidare på at det må kome ein ny fordelingsrunde innan tre år, der Hordaland får fleire nye konsesjonar. Komiteen synest og at vederlagssummen for konsesjonane er for høg, særleg for nyetablerarar. Maksimumsgrensa for nyetablerarar bør setjast til ein million kroner. Ved tildeling av konsesjon bør søkjar betale vederlag til statskassen der 90 prosent av desse inntektene skal overførast aktuelle kommunar som nyttar desse til ny verdiskaping gjennom tilrettelegging for næringa, til å auke den kommunale fagkunnskapen i planleggings- og tilretteleggingsarbeidet og til å styrke lokalsamfunna i dei områda anlegga ligg.
Saka går vidare til fylkesutvalet 27. september.
Les heile pressemeldinga frå komiteen
Bjarte Brask Eriksen