Hordaland bør få minst fire nye matfiskkonsesjonar

Fylkesutvalet reagerer på at Hordaland berre er tildelt to av dei nye matfiskkonsesjonane og meiner at fylket burde fått minst fire. Fylkesutvalet grunngjev dette med at Hordaland har eit stort og uutnytta potensial som bør takast i bruk for utvikling av

Dei to tildelte konsesjonane til Hordaland bør tildelast kommunane Kvam og Radøy, rår fylkesutvalet til med 14 mot 1 røyst (Frp). Jan Koløy (Frp) føreslo at den eine konsesjonen skal gå til Kvinnherad i staden for Kvam.
Dersom det ikkje kjem fram kvalifiserte søkjarar som kan støtte opp under den lokale slakteri- og foredlingsverksemda i Kvam og Radøy, bør kommunane Jondal, Tysnes, Fedje og Askøy vurderast som aktuelle kommunar for konsesjonstildeling. Dette vart samøystes vedteke.
SV røysta primært for sitte eige forslag om at nye konsesjonar skulle tildelast etter følgjande prioriterte rekkjefølgje: Kvam, Askøy, Radøy, Tysnes og Jondal.

Ny runde
Fylkesutvalet peikar vidare på at det må kome ein ny fordelingsrunde innan tre år, der Hordaland får fleire nye konsesjonar. Hordaland fylkesutval synest og at vederlagssummen for konsesjonane er for høg, særleg for nyetablerarar. Maksimumsgrensa for nyetablerarar bør setjast til ein million kroner, og ikkje fem millionar kroner som Fiskeridepartementet legg opp til. Fylkesutvalet er samd i at dei som får tildelt konsesjon skal betale vederlag til statskassen, men meiner at 90 prosent vederlaget skal overførast kommunane der konsesjonen vert gjeven. Kommunane skal nytta midlane til ny verdiskaping gjennom tilrettelegging for næringa, til å auke den kommunale fagkunnskapen i planleggings- og tilretteleggingsarbeidet og til å styrke lokalsamfunna i dei områda der anlegga ligg.

Vederlag
Sigrun S. Natås (uavh.) føreslo at det ikkje skal innførast vederlag for konsesjonstildeling. Men dersom vederlag likevel vert innførd, skal vederlaget gå til vertskommunane fullt ut. Forslaget fekk fem røyster (H, Frp, uavh.) og fall.
Når det gjeld kriteria for tildeling, meiner fylkesutvalet at forskriftene i større grad må ha som mål å sikra driftsgrunnlaget for eksisterande havbruksverksemd. Ved framtidig tildeling av konsesjonar for havbruk må det leggjast stor vekt på at kommunar for å vera aktuelle for konsesjon må ha godkjente havbruksplanar, meiner fylkesutvalet.

"Sterkt kritisk"
Øyvind Halleraker (H) sette fram følgjande forslag, som fekk fem røyster (H, Frp, uavh.) og fall:
«Fylkesutvalet er sterkt kritisk til tildelinga av matfiskkonsesjonar for laks og aure. Fylkesutvalet i Hordaland meiner at denne saka illustrerer skeivheiter i vurderingsgrunnlaget og mangelfull tildeling til Noregs fremste oppdrettsfylke, Hordaland, når konsesjonane vert tildelte frå sentrale politiske styresmakter. Fylkesutvalet i Hordaland har tillit til at kommunane sjølv, med grunnlag i godkjente kystsoneplanar, best kan vurdera utviklinga av denne næringa i eit balansert og berekraftig perspektiv.»

Stanley Hauge

28.09.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart