Betre tilbod til unge asylsøkjarar

Hordaland fylkeskommune vil gje eit betre tilbod til unge, einslege asylsøkjarar og flyktningar i alderen 15 til 18 år. Til no har slike vore plassert i bufellesskap, men dette har ikkje fungert godt nok. Difor ønskjer fylkeskommunen å opprette ei bueinin

Tilbodet skal vere intensivt og kortvarig, inntil eit halvt år. I denne perioden skal ungdommane gjennom utgreiing, kartlegging og førebuing til eit meir varig og individuelt tilpassa kommunalt eller fylkeskommunalt tiltak.

Komite for kultur og helse går inn for å godkjenne tilbodet under føresetnad av statleg refusjon av alle kostnader. Lov om barneverntenester gjev slik rett til refusjon.

Saka blir endeleg avgjort av fylkesutvalet 26. september.

Les heile pressemeldinga frå komiteen

Bjarte Brask Eriksen

05.09.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart