Vedtaket blei gjort etter eit fellesframlegg frå Turid Visnes på vegner av Sp, Krf, og Ap.
På biletet ser vi fylkesvaraordførar Helen Nordeide Fløisand (t.v.) og representantane frå russen: Isabel Eidesund, Bergen katedralskole (f.v.), Preben Austgulen, Ungdommens fylkesting, Per Øivind Johannessen, Sandsli videregående skole og Ingvill Michelsen, Ungdommens fylkesting.
Tydelege
I saksutgreiinga frå fylkesrådmannen blir det mellom anna peika på at reaksjonane overfor elevar som i russetida bryt skolen sitt reglement, må vere svært tydelege. Skolane må vere medvitne om retten og plikta dei har til å setje dei grensene som kjem fram i skolen sine mål, visjonar og reglement. Rektor sitt klare ansvar i disse spørsmåla må kartleggast og fokuserast.
Redusere
Det er eit mål å redusere omfanget av russefeiringa og redusere kommersialiseringa av russefeiringa for å sikre gode eksamenssresultat, hindre ulukker, hærverk og plaging av andre og for å minske gruppepress på enkeltelevar og foreldre/føresette.
Vidare ligg det i forslaga at skolen skal oppdra elevar til å ha bevisste haldningar til aggressiv og utidig kommersialisering av kvardagen.
Vedtaket blei gjort mot 5 røyster (H, Frp og uavh.).
Høgre og Frp fremja kvar sine forslag der den einskilde skule og russen blei oppmoda til å koma fram til semje om organiseringa av russefeiringa.
SV gjekk i sitt framlegg inn for at det ikkje treng innførast dato for å få lov til å gå i russeklede.
Ingen av desse framlegga fekk fleirtal.
Les kva Bergens Tidende skriv om saka

Nils Marton Aadland