Fylkestinget syner også til dei store forskjellane i driftstilskot mellom Oslo og dei andre storbyane, og at transportutfordringane i dei andre større byane også må takast på alvor av statlege styresmakter, heiter det i eit vedtak Hordaland fylkesting har gjort i ei sak der tilskotsnivå i Oslo og Bergen vert samanlikna. Vedtaket var gjort mot 5 røyster (Frp).
Behov
Eit samrøystes fylkesting viser til intensjonane i strategi- og handlingsplanen for kollektivtrafikken i Bergensområdet, og peikar på behovet for å styrkja rammevilkåra for kollektivtrafikken i dei bynære områda, m.a. auka tilskot, frekvens og framkomsttilhøve, incitament som resultatavhengige tilskot og nye billetteringssystem.
Initiativ til samarbeid
I samband med varsla endringar i ansvarsforholda for kollektivtransporten i storbyane, tek Hordaland fylkeskommune initiativ til eit samarbeid med Bergen kommune og dei omliggjande kommunane om drift av kollektivtransporten for å sikra eit mest mogeleg effektivt og heilskapleg kollektivtilbod i Bergensområdet, til beste for brukarane. Dette punktet vart også samrøystes vedteke.
Bergensprogrammet
Fylkestinget føreset at det vert arbeidd vidare med at staten i samband med realisering av Bergensprogrammet, på same måte som i Oslopakke 1, går inn med midlar til delfinansiering av investeringsprosjekt for skjenegåande transport, slik rapporten viser til. Dette punktet vart vedteke mot 24 røyster (H, Frp, uavh, pensj.). Mindretalet støtta Høgre sitt forslag om at det i dette avsnittet skulle stå «ein meir effektiv kollektivtransport» i staden for «skjenegåande transport».

Stanley Hauge