Den jamne trafikkauken over Nordhordlandsbrua held fram. I september passerte 268.331 køyretøy over Nordhordlandsbrua, noko som utgjer 8944 passeringar pr. døger. Det er ein auke på 4,7 prosent i høve til september 2000.

Sidan Nordhordlandsbrua opna for trafikk den 22. september 1994 (betaling frå 26. sept.) har trafikkutviklinga vore slik:
År - Trafikk - Prosentendring - Snitt pr. døger
1994 - 583 171 - 6 012
1995 - 2 376 183 - 6 510
1996 - 2 473 134 - 4,1 - 6 757
1997 - 2 589 226 - 4,7 - 7 094
1998 - 2 750 189 - 6,2 - 7 535
1999 - 2 892 558 - 5,2 - 7 925
2000 - 2.947 108 - 1,9 - 8 052
2001 - 2.326 178 - 4,2 - 8 521
Lånegjeld
Restgjelda på Nordhordlandsbrua kan spesifiserast slik:
5,32 % obligasjonslån forfall 30. juni 2003 350 mill kr
7,15 % Kommunalbanken forfall 12. desember 2001 150 mill kr
Sum 500 mill kr
Spesifikasjonen viser lånegjelda pr i dag. Ved forfall vert låna nedbetalte i den grad ein får inn bompengar til dette. Låna vil verta delvis fornya inntil restgjelda er nedbetalt.
Vegdirektoratet har i sine prognoser (1999) lagt til grunn at Nordhordlandsbrua vert nedbetalt innan utgangen av 2005. Fylkesrådmannen vil ikkje sjå bort frå dette, men etter den låge auken i år 2000 (1,9%) tilseier våre utrekningar at innkrevjinga kan avsluttast først i 1. kvartal 2006. Avslutningstidspunktet er avhengig av auken i inntekter og også i nokon grad av renteutviklinga.
Les heile pressemeldinga
Nils Marton Aadland