Den politiske styringsgruppa for utvikling av Vestlandsregionen møtest i Bergen måndag 29. oktober. I gruppa deltar fylkesordførarane, fylkesvaraordførarane og opposisjonsleiar frå dei tre Vestlandsfylka, saman med fylkesrådmennene og regionaldirektørane.
Styringsgruppa, med fylkesordførarane Gisle Handeland (Ap, Hordaland), Nils R. Sandal (Sp, Sogn og Fjordane) og Roald G. Bergsaker (H, Rogaland) i spissen, skal særleg drøfte status og vidare retning på det store utgreiingsarbeidet som er sett i gang om Vestlandsregionen.
Her skal ein både greie ut om tettare samarbeid på viktige område, og sjå på vilkår for ein eventuell større samla Vestlandsregion. Sogn og Fjordane fylkeskommune har så langt reservert seg når det gjeld å greie ut spørsmålet om ein ny storregion. Arbeidet blir utført av Rogalandsforskning, Vestlandsforsking og Møreforsking – som møter for å orientere om arbeidet så langt. Etter planen skal sluttrapporten vere klar ved årsskiftet, og behandlast i dei tre fylkestinga til våren.
Styringsgruppa skal også drøfte den pågåande statlege regionaliseringa, der ulike statsetatar kvar for seg arbeider med ny regioninndeling. Det blir sett på som uheldig at dette arbeidet i stor grad skjer i lukka prosessar utan medverknad frå fylkeskommunane – og utan koordinering mellom dei ulike statsetatane.
Møtet finn stad i Riddersalen – Hordaland Teater ved Stend Jordbruksskule måndag 29. oktober kl. 14.00 – 17.00.
Stanley Hauge