Tilrår innkjøpsstopp ved Haukeland Sykehus

Fylkesutvalet er sterkt uroa over at rekneskapsprognosen for 2. tertial. Den syner at underskotet for 2001 kan kome opp mot 340 mill. kr. Fylkesutvalet rår fylkestinget til å innføre innkjøpsstopp ved Haukeland Sykehus. I tillegg blir fylkesrevisjonen bed

Rekneskapsprognosen for 2. tertial 2001 viser ei sterk forverring av rekneskapssituasjonen - frå 275 mill. kr til 339 mill. kr. Hovudårsaka til den sterke forverringa er at KLP har meldt i frå om at dei i år vil krevje inn ekstrapremie tilsvarande 4,4 % av pensjonsgrunnlaget. Nye overslag over kostnaden for fylkeskommunen som følgje av denne auka premien er 104 mill. kr.

Staten må kompensere
Fylkesrådmannen meiner staten må kompensere kommunesektoren for denne meirkostnaden som skuldast børsfallet den siste tida. Men så langt har ein ikkje registrert at staten vil gå inn med ekstramidlar og ein har valt å ta heile summen med i underskotsprognosen.
I tillegg til forverringa som skuldast ekstrarekninga frå KLP er det særleg forverringa av prognosen for Haukeland sykehus som peikar seg ut. Rekneskapsprognosen for barne- og familievernet aukar med 17 mill. kr til heile 94 mill. kr, men denne siste auken har i stor grad samanheng med rekneskapstekniske forhold.

Kritisk
Fylkesrådmannen er særleg kritisk til den siste utviklinga på Haukeland sykehus. Sjukehuset sin underskotsprognose aukar med 45 mill. kr frå 1. til 2. tertial. Haukeland sykehus gjer i sine kommentarar til rekneskapsprognosen greie for at 10 mill. kr av forverringa på 45 mill. kr skuldast auka utgifter på hovudpost 1, Utstyr og vedlikehald.
Fylkesrådmannen er kritisk til desse nye store overskridingane på postar som det tradisjonelt er fullt mogeleg å styre innanfor budsjettrammene. I ein situasjon med store overskridingar er det sjølvsagt ikkje akseptabelt at sjukehuset pådreg seg nye store overskridingar på slike postar, skriv fylkesrådmannen i sine kommentarar.

Tom-Christer Nilsen fremja på vegne av Høgre tilleggsframlegg til fylkesmannen si innstilling.
Dette framlegget gjekk mellom anna ut på følgjande:
* Alle investeringsprosjekt eller delprosjekt ved sjukehusa som ikkje er sette i gang, vert utsett fram til 1.1.02.
* Alle deler av igangsette prosjekt skal stansast der det er naturleg. Det skal ikkje gjerast investeringar i sjukehussektoren fram til 1.1.02, som ikkje er høgst nødvendige for å halda drifta i gang. Dette gjeld spesielt prosjekteringskostnader for prosjekt som ikkje skal gjennomførast før etter 1.1.02.
* Alle tilskotskontoar i fylkeskommunen som enno ikkje er utbetalt, og som ikkje er omfatta av juridisk bindande avtalar om utbetaling, skal ikkje utbetalast. I tillegg skal ”ymse-kontoar” verta sperra for ytterlegare bruk.
* Det skal innførast stillingsstopp for heile verksemda, og det skal leggjast fram ein rapport om korleis nedbemanninga i administrasjonen i samband med sjukehusreforma skal gjennomførast.
Tilleggsframlegget frå Tom-Christer Nilsen fekk 5 røyster (H, Frp og uavhengig), og fall.

Bjørn Lothe (SV) fremja følgjande tilleggsframlegg:
Fylkestinget føreset at innkjøpsstoppen ikkje går ut over pasientbehandlinga.
Dette framlegget fekk 6 røyster (H, Frp, SV og uavh.), og fall.

Saka går vidare til fylkestinget for endeleg avgjerd.

Les heile pressemeldinga frå fylkesutvalet

Nils Marton Aadland

12.10.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart