Fylkesrådmannen føreslår å styrkja barnevernsbudsjettet for 2002 med 75 mill. kr i høve til årets løyving. Budsjettet vert dermed på 295 mill. kr. I høve til forbruket i år vurderer fylkesrådmannen dette som eit absolutt minimum dersom barnevernet skal ha

Den største endringane innan institusjonane i sektoren skjer ved Skjoldvegen barnehjem (biletet) som vil auka kapasiteten frå 11 til 18 plassar i løpet av 2001-02. Prosjektet små bueiningar vil auka tilbodet med 11 plassar i 2002.
Neste år vil barnevernet også få full effekt av begge teama i MST-satsing. MST (multisystematisk behandling) er eit heimebasert behandlingstiltak for unge med alvorlege åtferdsvanskar og familiane deira.
Ungdomsbasen i Fyllingsdalen flyttar inn i nye lokale i 2002.
Budsjettposten «andre barneverntiltak» er styrkt med ca. 70 mill. kr i høve til årets budsjett, og vert brutto på 123,5 mill. kr i 2002. Denne budsjettposten omfattar m.a. kjøpte plassar der kostnadene har eksplodert dei par siste åra.
I 2001 vil det vera om lag 125-130 born og unge i kollektiv og alternative tiltak. Trass i nye tiltak neste år, som små bueiningar, vert det rekna med behov for om lag 100 plassar.
Budsjettsidene til Hordaland fylkeskommune
Stanley Hauge