Det er trong for ei rekkje større utbyggingar ved sjukehusa i Bergensområdet i perioden 2001-2010, går det fram av planen for arealdisponering og utbygging som Hordaland fylkesting har vedteke. Planen omfattar både dei somatiske og psykiatriske sjukehusa.
Fylkestinget prioriterer i første hand desse tiltaka:
· etablering av dagkirurgisk eining
· sanering av hudbygget (Haukeland sykehus) og nødvendige rokering i samband med dette
· etablering av slageining
· ombygging av mottaka på sjukehusa
· etablering av isolat
· etablering av geriatrisk avdeling
· etablering av barnesenter
· etablering av helikopterlandingsplass
Etablering av helikopterlandingplass vart samrøystes vedteke etter forslag frå Aud Karin Oen (SV).
Nytt laboratoriebygg
Fylkestinget går inn for at det vert arbeidd vidare med planen for nytt laboratoriebygg ved Haukeland sykehus basert på prinsippet om eit felles kjernelaboratorium og spesiallaboratorium for meir spesialiserte analysar.
Lokalisering og funksjon til eit nytt barnesenter skal utgreiast, og fylkestinget ber om at arbeidet med å etablera eit barnesenter må forserast. Like eins meiner fylkestinget at det må koma ei utgreiing av ny sengeblokk ved Diakonisshjemmets sykehus Haraldsplass.
Utvida driftstid
Fylkestinget føreset at Haukeland sykehus og Diakonisshjemmets sykehus Haraldsplass går gjennom og set i verk organisatoriske tiltak retta mot utvida driftstid, utnytting av sengeressursar, sambruk og utvikling av mottaksfunksjonen.
Fylkesrådmannen viser i saksutgreiinga til at dei store utbyggingssakene som prosjektgruppa har prioritert er: nytt laboratoriebygg, vaksenpsykiatrien, barnesenteret og ei ny sengeblokk ved Diakonisshjemmets sykehus Haraldsplass. Desse tiltaka vil ikkje kunna vera på plass før etter 2005, heiter det i saksutgreiinga.
Stanley Hauge