Staten må dekkje helseunderskot fullt ut

Hordland fylkesting krev at staten fullt ut dekkjer underskot knytt til spesialisthelsetenesta når staten overtek ansvaret for desse tenestene frå 1. januar 2002.

Fylkestinget vedtok, etter forslag frå Turid Visnes (Ap), samrøystes følgjande fråsegn:

«Fylkestinget finn det uakseptabelt at staten ved overtaking av sjukehusa let driftsunderskota liggja att i fylka. Det er urimeleg og uforståeleg at staten ikkje tek det fulle ansvaret for kostnadene knytta til helsetenestene – med den konsekvens at desse utgiftene vert velta over på andre samfunnstenester som til dømes skule og kollektivtrafikk.

Fylkestinget føreset at det endelege oppgjeret mellom staten og fylkeskommunane gjev full inndekning for underskota dagens sjukehuseigarar er påførte i arbeidet med å gje eit tilbod til pasientane som er i tråd med krava statlege styresmakter har fastsett.»

Stanley Hauge

19.10.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart