Fylkesutvalet meiner at grensa for verneområdet kring Baroniet i Rosendal må visast i kommunedelplanen i samsvar med Riksantikvaren sitt framlegg til grensesetjing for bruk av kulturminnelova.
Fylkesutvalet ser det som viktig at Kvinnherad kommune snarast kan få godkjent ein revidert arealdel for dei sentrale delane i kommunen. Med nødvendige justeringar vil kommuedelplanen vera eit godt grunnlag for å ta hand om utviklinga i området, heiter det i fylkesutvalet sitt vedtak.
Stanley Hauge