
Gilje får prisen for måten han har leia og gjennomførd prosjektet på. Gjennom heile planleggings- og byggeprosessen har det ved dette prosjektet vore stilt strenge miljøkrav.
Eit godt døme
Sjølv om det var usemje om plasseringa av bygget, står byggeprosjektet og sjølve bygget fram som eit godt døme på at miljøomsyn har fått høgste prioritet med krav til alle som har delteke i prosessen og til løysingane som er valt, sa komiteleiaren under utdelinga av prisen.
Det er Komiteen for miljø og samferdsel som har vedteke å gje miljøprisen for 2000 til Terje Walter Gilje. Prisen ein pengesum på 30 000 kroner.
Tiande gongen
Det er i år tiande gongen Hordaland fylkeskommune deler ut miljøprisen. Det kom inn forslag på 16 ulike kandidatar med stor breidd i tema og geografi.
Tre ulike forslagsstillarar har lansert kandidaten Terje Gilje. Alle desse har vore med i prosjektorganisasjonen og har samarbeidd med Gilje og har sjølv vorte utfordra av dei miljøkrava som vart sett.
Forslagstillarane er:
· Opplysningskontoret for Energi og miljø v/Bente H. Næss
· Pedersen/Ege Arkitekter AS v/ Tom Louis Pedersen og Anne Britt Ege
· Sivilingeniør Svein Søvik AS v/Svein Søvik
Strenge miljøkrav
Forslagsstillarane har i grunngjevinga for kandidaten sin vore opptekne av at Terje W. Gilje sjølv tok initiativ til å setja svært strenge miljøkrav, og at miljørådgjevar kom tidleg inn i prosjektet. Dei meiner det er hans sterke og personlege engasjement for å halde høg miljøprofil saman med aktiv bruk av Miljøhandboka for Telenor si byggjeverksemd som har vore avgjerande for dei miljøkvalitetane som er oppnådd.
Resultatet er eit godt døme på LA21-arbeid i praksis og har ført til gjennomgåande miljøkvalitetar i bygget, med miljøvenleg materialval, energisparing, arealeffektivisering, fleksibilitet, godt inneklima, avfallsminimering og miljødokumentasjon.
Miljøkrav i alle ledd
Vidare vil eg framheva at arbeidet med å gjennomføre eit så stort byggeprosjekt der miljøkrav har vore stilt i alle ledd; frå planlegging til gjennomføring, syner at det er mogleg å stille miljøkrav ved god leiing. Nybygget på Kokstad er eit godt døme på at strenge miljøkrav ikkje er ei ulempe og hemsko, men at det også fører til kostnadsinnsparingar t.d. på energisida, sa komiteleiar Bente Bondhus ved utdelinga.
Ho trekte også fram at arbeidet og innsatsen til Gilje vil vere rettesnor og førebilete for andre byggeprosjekt, og ikkje minst har han skapt betre forståing for miljøproblematikk og utfordringar i høve til materialval, avfallshandtering m.m. innan Norsk BAE-næring (bygge- anlegg- og eigedom).
Les pressemeldinga i word-format
Les kva Bergens Tidende skriv om saka
Stanley Hauge