Løyver 200.000 kroner til Nyskapingskonferansen 2002

Fylkesutvalet gjev si prinsipielle tilslutning til å vere medarrangør for Nyskapingskonferansen 2002 i Bergen og tek på seg ansvaret for å skipe til og bere kostnadane med nyskaparutstillinga under konferansen. Det inneber at ein i 2002 løyver inntil 200

Nyskapingskonferansen er ein landsdekkjande, årleg konferanse i regi av NITO, NIF, NEF og SND. Fylkeskommunen i det fylket konferansen er lagt til, har dei siste åra vore medarrangør.
Konferansen har som mål å synleggjere og fremje nyskapinga og produktutviklinga si rolle i verdiskapinga i Noreg, og har nyskapararmiljøa i Noreg som primær målgruppe.

Til Bergen
Arrangørane ønskjer å leggje Nyskapingskonferansen 2002 til Bergen og ber no Hordaland fylkeskommune om å gje ei prinsipiell tilslutning som medarrangør til Nyskapingskonferansen 2002, med ansvar for å skipe til og koste nyskaparutstillinga under konferansen. Det er ikkje aktuelt med budsjettløyvingar til konferansen i inneverande år, men ei prinsipiell tilslutning som medarrangør i 2002.

Vedtaket blei gjort mot 1 røyst, Frp.

Nils Marton Aadland

13.10.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart