Kulturkonferanse for Hordaland for 26. gong

"Den kulturelle skulesekken" og "ABM-meldinga" er hovudtema på kulturkonferansen som kulturseksjonen /kultur- og helsekomiteen i Hordaland fylkeskommune skipar til på Voss 26. og 27. oktober. "ABM-meldinga" gjeld nyorganisering av arkiv, bibliotek og muse

Fredag 26 okt. vert konferansen halden i lokala til ”Fraktgodsen” på Voss og tek til kl. 11.00.
Laurdag 27. okt. vert konferansen halden på Park Hotel Vossevangen frå kl. 09.00.
Klikk her for å lese heile programmet

”Den kulturelle skulesekken” handlar om å utvikla og gje eit godt kulturtilbod til skulane, noko som skal verta eit satsingsområde for det offentlege.

I tillegg til hovudtema held professor Narve Bjørgo eit opningsføredrag om ”Kultur og tradisjonar”, og kommunaldirektør Bjørn F. Holmvik tar for seg ”Bergen etter kulturbyåret – visjonar om samarbeid i Hordaland”.

Sidan 1976 har kulturadministrasjonen i fylkeskommunen kvart år skipa til denne kulturkonferansen for Hordaland, og samlinga i år vert såleis den 26. i rekkja.
Det er gledeleg stor oppslutnad om konferansen med vel 170 påmelde deltakarar.
I tilknyting til konferansen gjev regionsorkesteret ”Fossegrimen” ein konsert i Nain fredagskvelden 26. oktober.

Les heile pressemeldinga

Stanley Hauge

24.10.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart