Investeringar på 814 mill. kr i 2002 - 2005

Hordaland fylkeskommune sine samla investeringar i komande økonomiplanperiode (2002-2005) vert på 814,3 mill. kr, i følgje fylkesrådmannen sitt budsjettforslag. Det er over ein milliard kroner mindre enn i førre økonomiplanperiode (2001-2004) og forklarin

495,3 mill. kr, ca. 61 % av samla sum, skal investerast i vidaregåande skular.
For 2002 er det ført opp 186,8 mill. kr til investeringar, noko som er ca. 230 mill. kr mindre enn for 2001. Men korrigert for bortfall av storparten av investeringane i helsesektoren, aukar investeringane samla i dei andre sektorane. Praktisk tala heile auken går til utdanningssektoren.

Store postar på investeringsbudsjettet 2002-2005 er:
• Olsvikåsen vidaregåande skule (ferdig 2005) 119,0 mill. kr
• Vidaregåande skule i Sund (ferdig 2003) 91,5 mill. kr
• Fylkesvegar 200,0 mill. kr
• Ny skule i søndre bydel i Bergen 40,0 mill. kr
• Inneklimatiltak skular 48,0 mill. kr
• Investeringar i informasjonsteknologi 43,0 mill. kr

Heile 80 mill. kr av summen til fylkesveginvesteringar vil gå til refusjon av forskotterte midlar.

Budsjettsidene til Hordaland fylkeskommune

Stanley Hauge

05.10.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart