Hordaland fylkeskommune skal ta del i samarbeidsprosjektet NAVE Nortrail

Fylkesutvalet har vedtatt at fylkeskommunen skal delta i prosjektet NAVE Nortrail og ta hovudansvaret for å utarbeide ein søknad til EU-programmet Interreg IIIB om eit fireårig prosjekt.

Føresetnaden er at prosjektet oppnår støtte frå Interreg IIIB programmet og at det er tilstrekkeleg mange andre regionar som vel å delta. Interreg er eit EU-initiativ for utvikling av samarbeid over landegrensene. Hovudmålsettinga er å unngå at nasjonale grenser utgjer hindringar for ei balansert utvikling og integresjon i Europa.

Samarbeidsprosjekt
Fylkeskommunen sitt tilskot til prosjektet på inntil kr 200.000,- pr. år må innpassast i budsjett 2002 og vidare i økonomiplanen for perioden 2002 – 2005.
NAVE Nortrail er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunar i landa rundt Nordsjøen med siktemålet å fremja ein felles søknad om midlar frå EU sitt Interreg III B program. Hovudidéen bak prosjektet er å fremja berekraftig utvikling og lokal verdiskaping gjennom ei samordning av vandringsvegar og gamle ferdselsårer, friluftsliv/reiseliv, overnattingsstader, landskapsvern, kulturvern, kulturhistorie og kunnskapstenester.

Partnarane
Dei potensielle partnarane i samarbeidet representerer regionale styresmakter i kvart av deltakarlanda, i samarbeid med aktuelle statlege forvaltningsdirektorat, nasjonale og regionale organisasjonar for kulturminnevern og friluftsliv/reiseliv og ei rekkje universitet og andre forskningsmiljø.

Forprosjekt
Initiativet til prosjektet ligg i eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Universitetet i Bergen. Eit forprosjekt er gjennomført under Nordsjøprogrammet Interreg IIc av ei gruppe fylkeskommunar: Aberdeenshire og East Lothian i Skottland, Ringkøbing i Danmark og Hordaland i Noreg. Føremålet med dette utviklingsarbeidet er å leggja til rette for og å løysa ut lokal verdiskaping og verdiforvalting gjennom oppbygging av integrerte nettverk som omfattar:
* Vandringsvegar i kystlandskapa kring Nordsjøen
* Kulturlandskap og historiske miljø
* Overnattingsstader og lokale verksemder
* Kunnskapsbasar med natur/kulturhistorisk informasjon

Som eit norsk pilotprosjekt har Hordaland fylkeskommune prioritert Nordsjøløypa i fylkesdelplanane for kultur, friluftsliv, reiseliv og næringsutvikling, og dette prosjektet har i 3 år fått tilskot frå reiselivsplanen.

Fylkesrådmannen skriv i si tilråding at fylkeskommunen sine midlar gjennom eit samarbeidsprosjekt Nordsjøen rundt kan få ein vesentleg synergieffekt for lokal berekraftig verdiskaping, og det vil kunna utviklast IT-baserte kunnskapsprodukt av stor verdi både for undervisningssektoren og reiselivet.
Vedtaket blei gjort mot 1 røyst, Frp.

Nils Marton Aadland

12.10.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart