Fylkeskommunen har inngått kontrakt på 33 millionar kroner med Eterra og det BKK-eigde selskapet ElTele Vest om utbygging av breiband i Hordaland over fem år.
På biletet signerer salsdirektør Roy Børsheim i Eterra (t.v.) og fylkesrådmann Paul M. Nilsen i Hordaland fylkeskommune kontrakten.
Katalysator
Kontrakten medfører at det blir bygt breiband over heile fylket, og at både private og bedrifter kan knytte seg opp mot dette. Hordaland fylkeskommune er dermed ein katalysator som bidreg til å gjere breiband tilgjengeleg for alle i fylket.
Svært rask nettilgang
Utbygginga medfører at dei aller fleste fylkeskommunale institusjonane vil få ein nettkapasitet på 100 Mbits som er svært mykje raskare enn ISDN-linje. Dei store helseinstitusjonane vil få ein kapasitet på opptil 1 Gbits, som er heile 15.000 gonger raskare enn ISDN-linje.
I år får 25 vidaregåande skular breiband, 17 neste år og dei siste 12 i 2003. Desse helseinstitusjonane får breiband: Haukeland sykehus, Fylkessjukehuset i Odda, Fylkessjukehuset på Voss, Fylkessjukehuset på Stord, Hospitalet Betanien, Kysthospitalet i Hagavik, Bergen legevakt, Sentralsjukehuset i Førde, Fylkessjukehuset i Haugesund og Sentralsykehuset i Stavanger. I tillegg får rundt 50 tannklinikkar og behandling/rehabiliteringssentra breiband. Utbyggingsselskapet har dessutan fått opsjon på vidare utbygging til 80 institusjonar.
Utan geografisk avstand
Utbygginga av breiband medfører at ein rekke system, som mellom anna pasient-, journal- og røntgensystem blir integrert i eit felles system for alle helseinstitusjonane utan geografiske avstandar. Økonomisk sett vil totaldrifta og bli rimelegare, då dei fleste systema blir drifta sentralt. For dei vidaregåande skulane medfører utbygginga monaleg betre internett og e-postkapasitet. Breiband gir og høve til å nytte multimedia over nettet, samt videobaserte førelesingar.

Bjarte Brask Eriksen