Etter forslag frå Sigrun Sangolt Natås (Uavh.) vedtok fylkestinget samrøystes følgjande fråsegn:
«NEI TIL AVVIKLING AV FERJEDRIFTA KLOKKARVIK – LERØY – BJELKARØY – HJELLESTAD.
Hordaland fylkesting er sterkt overraska og ikkje nøgd med framlegg til statsbudsjett 2002, som rett ut seier i post 72, tilskot til riksvegferjedrift, at riksvegferjesambandet Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad vert avvikla frå 31.12.01, utan å visa til tenlege kommunikasjonsalternativ til bebuarane på øyane Lerøy og Bjelkarøy.
Nedleggingsframlegget er tufta på for høgt risikonivå, og at ferja Fjordgard som i dag trafikkerer sambandet ikkje stettar dagens krav til tryggleik, og med det ikkje vil få dispensasjon til vidare drift, samt lågt trafikkgrunnlag og auka kostnader ved ny ferje.
I omtala i statsbudsjettet av ferjesambandet står det skrive at det skal finnast alternativ omkøyringsmogelegheiter for brukarane. Dette er ikkje rett. Det er sjø på alle kantar kring desse øyane, sjå kart.
For hovudbrukarane av ferjesambandet, kring 70 fastbuande, inkludert skuleborn og ungdom under utdanning som er busett på Lerøy og Bjelkarøy, samt mange fritidsbustadeigarar, finnes det ingen omkøyringsalternativ. For desse er saka både dramatisk og traumatisk, då dei brått, utan førehandsvarsel vert informert via framlegg til statsbudsjett 2002, at dei innan 2,5 månad misser ferjesambandet og eit heilt naudsynt kommunikasjonsmiddel. For småbarnsfamiliar, unge som eldre vil dette medføra at dei ikkje kan bu i heimane sine på øyane lengre.
Mange av øyafolket har gjort store investeringar i hus og heim i god tru i påvente om eit fastlandsamband dei har vore lova i over 35 år, og so kjem dette!
Hordaland fylkesting ser med uro på at staten ikkje er villig til å bidra økonomisk til framtidig drift av ferjeruta Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad. I denne klare bodskapen ligg det og at staten ikkje er villig til å vera med å finansiera drift av ny ferje etter dagens gjeldande føresegner, som også vil krevja investering i nye/opprustning av ferjekaiar.
Alternativet til statleg drift er fylkeskommunal drift av ferjesambandet. Hordaland fylkesting vil peika på dei altfor tronge råmene som staten løyver til drift av samferdsletiltak i Hordaland og dei enorme underskota fylkeskommunen sit att med etter at staten tek over sjukehusa. Skal fylkeskommunen ta over ei framtidig drift, lyt løyvande statleg myndigheit gje særskild auka løyvingar til ferjedrifta.
Hordaland fylkesting vonar på ein konstruktiv og kreativ dialog med Regjering og Storting, for å finna løysingar til å halda i gong eit ferjesamband innbyggjarane på Lerøy og Bjelkarøy kan vera tent med mellombels, inntil t.d. eit nytt fastlandssamband er på plass.
Hordaland fylkesting gjev fylkesordførar Gisle Handeland fullmakt til å ta naudsynte åtgjerder for å sikra drifta av ferjesambandet Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad.»
Stanley Hauge