Fylkestinget krev at staten sikrar økonomien til landslinjer

Staten må ikkje svekka ordninga med landslinjer i dei vidaregåande skulane og Stortinget må syta for å sikra dei økonomiske vilkåra for slike linjer, krev Hordaland fylkesting.

Etter forslag frå Mette Holmefjord Olsen (Sosialistisk venstreparti) vedtok fylkestinget samrøystes denne fråsegna:
"Nei til svekking av landsliner i vidaregåande opplæring Hordaland fylkesting ber Stortinget på ny slå ring rundt kostnadskrevjande landsdekkande tilbod i vidaregåande opplæring.

Ulike bransjar som t.d. transport og anleggsbransjen treng godt kvalifiserte utøvarar, og desse opplæringstilboda står i fare for nedlegging dersom fylka skal kosta desse sjølve utan særlege løyvingar frå staten.

Hordaland fylkesting er negativ til at KUF på ny ønskjer å svekka landslinene. Stortinget må sikra dei økonomiske vilkåra for desse tilboda gjennom budsjettarbeid sitt i haust."

Stanley Hauge

21.10.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart