Fylkesmidlar til opprusting av Tysso I til museum

Hordaland fylkesting har godkjent at 2 mill. kr vert overført til Norsk vasskraft- og industristadmuseum i januar 2002. Midlane skal nyttast til opprusting av kraftstasjonen Tysso I til museum. Overføringa skal dekkast av overskot frå sal av konsesjonskra

Vedtaket i fylkestinget var samrøystes.
Fylkestinget vedtok i 1999 at 3 mill. kr i fylkeskommunale konsesjonskraftmidlar skulle nyttast til restaurering av Tyssedal kraftstasjon m.m. På grunn av at konsesjonskraftinntektene i ein periode har vore låge, var det uvisst kor snart desse midlane kunne stillast til rådvelde. I fjor utbetalte fylkeskommunen 1 mill. kr av det lova tilskotet.

I samband at vasskraft- og industristadmuseet tek sikte på å gjennomføra opprusting for 6 mill. kr, har dei søkt om utbetaling av dei resterande 2 mill. kr frå fylkeskommunen, 3 mill. kr frå Odda kommune og 1 mill. kr frå Norsk kulturråd.
I saksutgreiinga frå fylkesrådmannen heiter det. «Dei låge kraftprisane har tidlegare gjort at det kunne vera vanskeleg å få sås tore inntekter frå sal av konsesjonskraft at 1 mill. kr kunne gå til restaureringarbeidet. Etter at ein stor del av kraftsalet no er sikra gjennom finansielle kontraktar dei næraste åra, er det ikkje lenger nokon nemnande risiko for at ein ikkje når målet om 1 mill. kr til Tyssedal pr. år.»

Stanley Hauge

21.10.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart