1,5 millionar kroner til Fitjar Kultur- og Idrettsbygg

Fylkesutvalet har vedtatt å tildele opptente rentemidlar av inneståande spelemidlar,1,5 mill. kroner, til Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Fitjar Kultur- og Idrettsbygg AS vart opna i februar i år og søkte om tilskot av spelemidlar til anlegget utan å få stønad. Det låg føre søknad om tilskot til 10 idrettshallar og av desse var 3 ferdig bygd. Storleiken på tilskotsumma av spelemidlane som vart stilt til rådvelde gav rom for tildeling av tilskot til 2 idrettshallar, og Fitjar Kultur- og Idrettsbygg AS var rangert som den tredje av dei ferdigbygde hallane.

Fare for konkurs
Fitjar Kultur- og Idrettsbygg AS har ein godkjend tilskotssum i 2001 på 7 mill. kr., men vil med Kulturdepartementet sine nye forskrifter og bestemmelsar, gjeldande for 2002, få redusert godkjend tilskot med 2 mill. kr. Fitjar kommune, som største aksjoner, har i brev av 01.10.2001 klaga på at dei ikkje fekk spelemidlar inneverande år og at dei med det får eit redusert tilskot som igjen vil resultere i fare for at anlegget vert slegen konkurs.

Rente av spelemidlar
Kvart år får fylkeskommunen tildelt spelemidlar til anlegg for idrett og friluftsliv frå Kulturdepartementet til vidare fordeling. Dette rammetilskotet vert sett inn på renteberande konto for vidare utbetaling. For 2001 står det pr. 01.09 1,5 mill. kr. til rådvelde i rentemidlar. I samsvar med «Forskrifter og bestemmelser», utgjeven av Kulturdepartementet, kan desse midlane gjevast til Fitjar- Kultur og Idrettsbygg AS og dei vil med det oppretthalda årets tildelingstatus og unngå redusert godkjent tilskotssum. For resten av året vil ein få eit tilsvarande beløp i rente og inndregne midlar som kan nyttast til andre klagar på årets tildeling.

Nils Marton Aadland

15.10.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart