- Heilt uakseptabelt!

- Det er heilt uakseptabelt, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen i talen sin til fylkestinget, og viste til at fylkeskommunane må dekke gamle driftsunderskot i sjukehussektoren etter at staten tek over drifta frå årsskiftet. Desse underskota må mellom anna sk

- Oppgjeret med staten i samband med overtakinga av spesialisthelsetenesta medfører at vi får sletta all gjeld knytta til bygningar og utstyr knytta til sjukehusa. Akkurat det er berre sjølvsagt. Staten vil derimot ikkje dekke korkje tidlegare driftsunderskot eller underskotet i år. Desse underskota må våre framtidige budsjett for mellom anna skule og kollektivtrafikk dekke. I dette er det ingen logikk anna enn at det eventuelt skulle vere vår skuld at sjukehusa har underskot. Etter mi meining er det heilt uakseptabelt at fylkeskommunane skal dekke gamle driftsunderskot når at det står nesten ein milliard kroner igjen av løyvingar som er gitt for pasientbehandling i utlandet og det samstundes skjer overforbruk på den framtidige rekninga til fylkeskommunen. Nokon på sentralt hald bør få auga opp for det urimelege i denne saka, sa fylkesrådmannen mellom anna.

Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av fylkestinget tysdag 16. oktober klokka 14.00 på Bergen Kongressenter

Bjarte Brask Eriksen

16.10.2001 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart